Ollis, høytlesning med ingunn Thon

Dag: Søndag 11. juni

Tid: 15:15

Scene: Fortellerteltet

Heime hos Ollis og mamma er ting snudd på hovudet. Det har flytta inn ein knøttliten, søt veslebror, men også mamma sin irriterande ryddefreak-kjærast. Heime er ikkje lenger slik det var.

Heldigvis er nabohuset den perfekte fristaden, for der bur Gro. Ollis og Gro er bestevenner og kjenner kvarandre ut og inn. Eller, gjer dei det? Ollis har ikkje alltid snakka heilt sant til Gro. Og når dei finn eit postkort i ei mystisk, gul postkasse midt i skogen, veks løgna til Ollis seg endå større. Kva er det Ollis veit om postkortet, som Gro ikkje veit?

Ein spennande barneroman (7-10 år) om vennskap, familie og mot!
Ingunn Thon (f.1986) arbeider i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Nokre av barna kjenner henner kanskje frå Barne-TV og Julemorgen. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og frå journalistutdanninga ved NRK Nynorsk mediesenter.

Share on FacebookTweet about this on TwitterEmail this to someone